Kvifor rettleiing for nyutdanna?
Overgangen frå lærarutdanning til yrkesliv kan vere krevjande. Nyutdanna lærarar møter ein kompleks kvardag med ansvar, forventningar og situasjonar der det ikkje alltid finst eit fasitsvar.
Frå kunnskap til profesjonell dømmekraft
Gjennom individuelle samtalar, refleksjon og praktiske verktøy får læraren høve til å undersøkje eigne erfaringar og utvikle tryggleik, sjølvstende og profesjonell dømmekraft.
Målet er ikkje å gi fleire ferdige svar, men å styrkje læraren si evne til å forstå situasjonar, vurdere handlingsalternativ og stå stødigare i profesjonsrolla.
Eit strukturert tilbod - tilpassa den enkelte
01 · Individuell rettleiing
Samtalar med utgangspunkt i eigen arbeidssituasjon.
02 · Refleksjon og utvikling
Utforske handlingsalternativ og utvikle profesjonell dømmekraft.
03 · Tryggleik over tid
Arbeide systematisk med utfordringar, prioriteringar og meistring.





Tre kjerneområder



Kva slags lærar ønskjer eg å vere? Korleis byggjer eg relasjonar, set grenser og møter forventningar frå elevar, føresette og kollegaer?
Korleis forstår eg krevjande situasjonar? Kva alternativ har eg, og korleis kan eg bli meir bevisst på vala eg tek?
Korleis prioriterer eg i ein travel kvardag? Kva kan eg påverke, og korleis utviklar eg ein profesjonell praksis som fungerer over tid?
Desse tre områda dannar grunnlaget for rettleiinga og hjelper læraren med å utvikle ein meir medviten og berekraftig profesjonell praksis.
Slik fungerar rettleiinga



Ei god ramme for rettleiinga
Vi startar med å avklare behov, forventningar og rammer saman med skulen eller kommunen.
Den nyutdanna læraren får høve til å formulere eigne behov og ønskje for rettleiinga. Slik legg vi grunnlaget for eit relevant og individuelt tilpassa rettleiingsløp.
Samtalar gjennom skuleåret
Gjennom individuelle rettleiingssamtalar utforskar vi konkrete erfaringar og situasjonar frå lærarkvardagen.
Samtalane følgjer ei fagleg utviklingslinje, men tek alltid utgangspunkt i behova til den enkelte læraren.
Frå erfaring til større medvit
Mellom samtalane arbeider læraren med observasjon, refleksjon og refleksjonsverktøy knytte til eigen undervisningspraksis.
Målet er å utvikle profesjonell dømmekraft, større tryggleik og eit meir medvite forhold til eigne val og handlingar i lærarrolla.
Praktisk informasjon
Eit kort overblikk over korleis rettleiinga blir gjennomført, og kva som er inkludert.






Kvifor velje ekstern rettleiing?
Eit sjølvstendig rom for refleksjon
Å vere nyutdanna lærar inneber å finne sin plass i eit profesjonsfellesskap, samtidig som ein utviklar tryggleik i eiga rolle.
Intern rettleiing og støtte frå kollegaer er viktig. Ekstern rettleiing kan vere eit verdifullt supplement ved å gi læraren eit sjølvstendig rom for refleksjon.
Tryggleik til å vere open
Som ekstern rettleiar har eg ikkje personalansvar for deltakaren, og samtalane er ikkje ein del av arbeidsgivaren si vurdering eller personaloppfølging. Det kan gjere det enklare å snakke ope om usikkerheit, utfordringar og situasjonar som ikkje gjekk som planlagt.
Nye perspektiv på eigen praksis
Gjennom spørsmål og refleksjon utforskar vi konkrete erfaringar frå lærarkvardagen. Målet er å undersøkje eigne vurderingar, oppdage nye perspektiv og utvikle alternative handlingsval.
Eit supplement til skulen si oppfølging
Rettleiinga erstattar ikkje intern mentorordning eller skulen sitt ansvar for oppfølging. Ho gir den nyutdanna læraren eit strukturert rom for å arbeide med eiga profesjonell utvikling.
Målet er ikkje å fortelje læraren kva han eller ho skal gjere, men å utvikle tryggleik i eigne profesjonelle vurderingar.

Kvifor eg utvikla Praksismetoden?
Endre Natvik – lærar, skuleleiar og grunnleggjar av Endre Praksis
Eg har arbeidd i skulen sidan 2012 og har erfaring som lærar, kontaktlærar, teamleiar og undervisningsinspektør.
Gjennom desse rollene har eg fått brei erfaring med undervisning, klasseleiing, profesjonsfellesskap og skuleutvikling. Eg har også rettleia lærarstudentar i praksis og fullført rektorutdanning ved Høgskulen på Vestlandet.
Eg er særleg oppteken av korleis lærarar utviklar profesjonell dømmekraft gjennom erfaring, refleksjon og medvitne val.
Gjennom åra har eg sett kor krevjande overgangen frå lærarutdanning til yrkesliv kan vere. Nyutdanna lærarar har mykje kunnskap, men møter raskt situasjonar der teori åleine ikkje gir svaret.
Eg har sjølv erfart kor verdifullt det kan vere å stoppe opp, undersøkje eigne handlingar og sjå ein situasjon frå fleire perspektiv.
Det er bakgrunnen for at eg utviklar Praksismetoden – eit strukturert rettleiingsopplegg der erfaringane til den enkelte læraren står i sentrum.
Målet mitt er ikkje å gi lærarar ei oppskrift, men å hjelpe dei med å utvikle tryggleik, sjølvstende og tillit til eiga profesjonell dømmekraft.

Ønskjer de å styrkje oppfølginga av nyutdanna lærarar?
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale om korleis strukturert profesjonsrettleiing kan tilpassast skulen eller kommunen dykkar.
